Årsmøte Sunnmøre Kystfiskarlag

SundgotKjell-Arne Sundgot er gjenvalgt som leder av Norges Kystfiskarlag avdeling Sunnmøre. Lokallaget avholdt sitt årsmøte 7. januar. Øvrige styremedlemmer er Per Berge, Kjetil Klungsøyr, Geir Smenes og Gunnar Kleiven, mens Johan Veiseth, Øyvind Gjerde og Geir Hogne Jensen er vararepresentanter.

Årsmøte 2011, halde 07.01. 2012

Sakliste :

Sak 1: Opning, godkjenning av innkalling, sakliste og valg av møteleiar.

Sak 2: Årsmelding og regneskap.

Sak 3: Reguleringar 2012.

Sak 4: Oppsynreglar i Heissafjorden.

Sak 5: Avvikling /salg av  Fiskerihamner.

Sak 6: Eventuelt.

Sak 6 a.: Vern av hummar i fredingstida.

Sak 6 b.: Orientering . Sandefisk Marina a/s. : Innspel til bestandsøkningsprosjekt for hummer.

Sak 7: Valg.

 

Uttalelser fra årsmøtet:

Reguleringar 2012

Årsmøtet  sluttar seg til landsstyret i N.K. sine overordna  prinsipper ,og i stor grad dei forslag som omhandlar dei spesifike arter ,slik det går fram av skriv til Fiskeridirektoratet i forkant av reguleringsmøte 2011, ang reguleringar for 2012. ,med unnatak av punktet som omhandlar tilleggs kvote for mannskap.Samt styret sine utaler 01.10.2011,ang. saka

Med bakgrunn i totalkvoter av torsk som ligg føre, så burde det ligge til rette for at N.K. sine forslag i stor grad kan gjennomførast, dersom det er politisk vilje til stade. Fiskerimyndigheitene legg i dag til rette for nye næringsaktørar (Turist- fiske) som skal beskatte desse resursene, med bakgrunn i å styrke distrikts arbeidsplasser.Kystfartøy er i stor grad knytt til næringsfattige kystkomuner der det er få andre alternativ for  næringsaktivitet, og er derved i høgste grad heilårs aktive distrikt arbeidsblassar som i stor grad er med å sikre bosetning og kultur i fiskeriavhengige kystkomuner.  Den store forskjellbehandling som reguleringsopplegget for open grp.på etnisk grunnlag legg opp til, kan ikke i noko høve aksepterast.Det kan ikke reisast tvil om at fartøy som tilhører på Ona i Møre og Romsdal, eller andre stader på  kysten ,er like avhengige av tilgang til resursene i havet som fartøy frå Hellemobotn i Tyssfjord. Med auka totalkvote av torsk for open grp., og dersom det visast vilje til skjerpa kontroll av at kvotene vert fiska på det fartøy som fangsten vert levert/ registert på, og eit opplegg med tidlegare opning av bifangst for alle grp., så er det ikke grunnlag for reduserte maksimalkvoter i open grp.Alle heilårsdrevne fartøy i open grp. må difor stillast likt.

Fiskeriministeren har gitt uttrykk for at ho er oppteken av forgubbing i næringa, videre at opa grp.   framleis skal vere eit reelt alternativ for fiskarar som ikke har løyve til å delta i lukka grp. , og oppfodrar ungdom om å etablere seg med eige fartøy i gruppa. I pressemelding Nr.:114/2010, er ministeren oppteken av det same. Det stillast spørsmål om resultatet er tilfredstillande. Årets reguleringsforslag for torsk open grp. legg opp til at det er etnisk tilhøyrlegheit som er avgjerande om det er grunnlag for å drifte i open grp. , samt ei bifangst ordning som på nytt favoriserer Finnmark. Vidare vert reguleringa for makrell i open grp. videreført, der merkeregisterte fartøy  kan fiske eit kvantum som tilsvarar 1/3 del av det som kan fiskast av enkelte ikke registerte fartøy. Dette medvirkar  i alle høve ikkje i positiv lei til det som ministeren er oppteken av og ønsker., ang. forgubbing og nyetablering. Dagens foreskrifter strid mot det som Regjeringa seiar i Soria Moria 2 erklæringa . Sitat: Regjeringa vil ha rettferdig fordeling av fiskeressursane som bidrar til å sikre sysselsetning og bosetning i kystsamfunnene m. v. Nytt sitat: Regjeringa vil legge til rette for en fiskeflåte som bidrar til aktivitet og sysselsetting langs heile kysten m.v. Det går ikke fram av  erklæringa at rettferdig fordeling er tufta på etnisk tilhøyrlegheit.

Årsmøtet  vil på nytt vise til det som var vesentlig i 1990, at ved ein normal bestandsituasjon  var det uaktuelt med eit A og B lag i torskefiskeria for heilårs drevne fartøy. Med dagens resurssituasjon er det direkte provoserende å få presentert eit regulerings opplegg som på etnisk grunnlag  skaper nye skiljelinjer. Årsmøtet viser til tidlegare uttalar ang. heilårsdrevne farty i open grp. samt rekruttering, og støtter opp om at Norges Kystfiskarlag viser eit tydeleg påtrykk for å få ei positiv endring på dette. Struktureringen  av kystflåten  har ført meir til ei sanering enn ei tilrettelegging for å ha ein oppgående kystflåte. Ei videre strukturering av kystflåten  vil legge grunnlaget for at denne generasjon kystfiskarar er dei siste som er aktiv langs kysten.

Årsmøtet ser positivt på dei forslag som N. K. står bak som alternativ til strukturering.

Torsk:

Årsmøtet sluttar seg  til :  Styret sin uttale 01.10.2011, . Sak 1:  Reguleringar 2012. Og videre til  E poster 16.12 og 18.12. 2011, til N.K. , ang. Reg. 2012 open grp.

Kyst-torsk:

Med bakgrunn i det som ligg føre ang. skjerming av områder for verning av kystorsk , er det uakseptabelt at eit intensivt rekreasjon/ turistfiske med handsnøre / pilk på kosentrerte gyteforekomstar innan for dei verna område fortsatt skal vere tillate. I spesielle områder i Borgund fjorden står fisk sers tett på begrensa område og i gytetinga bit den ikkje,  resultatet av eit  aktivt pilkefiske viser i etter tid store skader på fisk. Skal ein videreføre dette som verneområde må difor og vere gjeldane for alt fiske. Tidsromet for verning samsvarar ikke med den tid den stedbundend kysttorsken gyter, skal dette vidareførast så bør fredningstida endras.

Makrell

Årsmøtet sluttar seg til:  Styret sin  uttale 01.10.2011., og Landstyret  i N.K. sin uttale ang. regulering i 2012. Fartøy som med bakgrunn i den fatale glipp i feb. 2010, fekk anledning til å fiske garn og snørekvote med notreiskap,kan ikke etter regulerings-foreskrift fiske overregulering-kvantum med not, dette må også vere eit ufråvikeleg krav for eventuell refordeling- kvantum .

Breiflabb 

Med bakgrunn i at det i torskefiskeria er avregning av bifangst pr. veke, bør dette og  gjelde for breiflabb.

Med bakgrunn i lavare bifangst % (15%), og utkastforbud som er ein sjølfølge for kystflåten, skaper dette ein sers vanskeleg situasjon for dei minste snurrevad fartøya, og alle dei som driv dagdrift og leverer fangsten dagleg for å oppnå den aller beste kvalitet. Årsmøte  ber om at det for alle fartøy som leverer daglig, vert total  vekefangst  grunnlag for den gjeldande bifangst % av breiflabb.

Årsmøtet sluttar seg til Landsstyret i N.K. sine uttale ang. reguleringar i 2012.

Pigghå

Årsmøtet støtter fult opp om uttale frå N. K. avd. Sunnhordaland. Pigghåen er i dei fleste høve tilstades som stimfisk, dette fører til svært vanskelige forhold for å ungå   stor utilsikta inblanding som bifangst i fiske etter andre arter. Årsmøtet ser på forskinga som ligg til grunn for freding av pigghå som mangel full. Årsmøtet vil forslå at det vert lagt til rette for ei forskingskvote av pigghå som kan vere grunnlag for å få registert og omsett  utilsikta fangst av pigghå, og derved til ei kvar tid få god oversikt om utbredelse og bestandens øvrige tilstand,og det heilt gratis.

Sei

Årsmøtet sluttar seg til: Styret sin uttale 01.10.2011. Sak 1. Reguleringar 2012, og Landsstyret i N.K. sin uttale ang. reguleringar i 2012. Total uttaket av sei er som venta foreslege redusert. Reguleringsforeskriftene legg opp til ein lik % -vis reduksjon for alle grp. Notfartøy  har med grunnlag i eit lavare minstemål, og ukontrollerte dispensasjoner frå gjeldende minstemål, beskatta seibestanden på eit ugunstigt grunnlag i forhold til dei andre gruperingane.Dette burde i alle høve føre til at denne gruppa fekk ein større reduksjon i gruppekvota enn dei andre. Årsmøtet ber N. K. følge opp at det i foreskrifter for notfiske etter sei vert endra minstemål, og at det ikkje vert gitt ukontrollerte dispenssasjonar frå minstemålet i notfiske etter sei.

Fiske etter sei og hyse er i utgangspunktet fritt for kystflåten, med konvensjonelle redskap,innan for total grp. kvote. Fiskeri som i utgangspunkte er regulert som fritt fiske innan for totalkvoter , bør grp. 1 og open grp. stillast  likt ang. garantert kvantum.

Bifangst

Fiske etter torsk konvensjonelle redskap, lukka og open grp.: Årsmøtet ser på endringa i bifiskeordninga som positiv. Årsmøtet vil på nytt påpeike at det i området Stadt til og med Vikna ,er største behovet for bifangst av torsk, frå 1. april og utover . Dette i forbindelse med eit alternativt fiske på vårparten etter lyr, lange og hyse. Ordninga for dette område bør difor trede i kraft frå 1.april, og det bør vere minimum inntil 15 % torsk  som bifangst.

Viser til pressemeldinga nr:119/2011 , andre avsnitt .  Punkt  Bifangstordning : Dersom utviklinga i fiske tilseier det kan prosentene vurderast i løpet av 2012.

Raudåte

Årsmøtet ber N.K. vere særs oppmerksam på at fiske på raudåte  som eit sjult forskingfiske får gripe om seg.

 

Oppsynsvedtekter  Heissafjorden / Borgundfjorden

Borgundfjorden - Aspøyvågen  er i forbindelse med vern av kysttorsk, stengt for fiske med garn. Dette har ført til at dei som tradisjonelt har hatt dette feltet som ein vesentlig del av sitt driftsområde, er henvist til å nytte eit begrensa felt i Heissafjorden. Med bakgrunn i dette har vi i dag ein særs vanskelig situasjon for yrkesfiskarar som driv i dette området. Ei blanding  av yrkesfiskarar  med tradisjonelt bruk og driftsmønster , og fritidsfiskarar med begrensa bruk, 6-7 garn høver dårlegt saman. Dette fører til svært uønska situasjoner for alle parter som i stor grad fører til at yrkesfiskarar ikke kan nytte feltet på den effektive måten som krevest for å få eit forsvareleg utkomme av drifta.

Vedtak:

Med bakgrunn i dei forhold som reguleringene for vern av kysttorsk har ført til ,med ein uholdbar driftsituasjon for yrkesfiskarar i området, må det forsøkast å rette på dei forhold som har oppstått. Årsmøtet ber Fiskeridirektoratet i samråd med fiskarane og finne fram til tenlege løysingar for dei som driv yrkesaktivt i dette området. Årsmøtet forslår: Havdeling i Heissafjorden. Der området aust av  Flesje- flua, retning N. til Heissa, er felles hav for yrkes og fritids fiskarar med garn, med settetid kl. 1600. Området V. for Flesje - flua til vestlegaste oppsyn grense, forbeholt kunn yrkesfiskarar, med settetid  kl. 1500. Områda vert då så begrensa  under setting ,at oppsynet burde ha god oversikt og derved kunne medvirke i større grad til at ein ungår nedsetting av bruk.

Det er ein kjent situasjon at i sør og sørvest kuling er det vanskelegheit å sette frå sør mot nord i Heissafjorden.Det må difor vere moglegheit for oppsynet i samråd med fiskarar å fråvike setteretninga i Heissafjorden , frå Sør mot Nord, dersom forholda tilseier det.

 

Avvikling / salg av fiskerihamner

Med bakgrunn i dei store investeringar som i stor grad fiskerinæringa sine busjettmidla har danna grunnlag for ang. utbygginga av desse hamnene, ser årsmøtet det som svært lite framtidsretta det som no er foreslege, ang. avvikling av eit stort antal hamner.

Mange av dei hamneanlegga som er vurdert som kan avviklas /selgast , er kun vurdert utifrå kva fiskeriaktivitet som er knytte til hamna. Årsmøtet vil vise til at det og må med i vurderinga av desse hamnene, at dei i eit varierende omfang vert nytta  av tilfeldig fiskeriaktivitet som vert dreve i nærområde som desse hamne dekker. Mange hamner ligg og i område der det er store avstander til neste hamn, og det må difor vurderast utifrå  kva sikkerhet desse hamnene  skaper for almen ferdsel på havet.

Dersom hamner vert avvikla som fiskerihamner må det i alle høve vere eit ufråvikelegt  krav til at det i desse  hamnene vert lagd til rette for at dei skal kunne nyttas av fiskeriaktivitet etter behov. Og utifrå sikkerheit hensyn skal det leggast til rette for almen ferdsel i hamna.

 

Vern av hummar i fredingstida

Med bakgrunn i at det vert levert utruelege store fangstar av hummar i distriktet , rett etter opning av hummarfiske, ber årsmøtet om at djuptebegrensing i teinefiske i fredingstida på minimum 10m. vert innført. Orientering, Sandefisk Marina a/s.  Inspel til bestandsøkingsprosjekt for hummar.

 

Orientering, Sandefisk Marina AS. Inspel til bestandsøkningsprosjekt for hummar

Årsmøtet tek orienteringa til vitende, og ser positivt på tiltaket.

 

 

 

 

 

Konstituering av styre for Norges Kystfiskarlag avd. Sunnmøre  07.01.2012:

Styreleiar: Kjell - Arne Sundgot

Nestleiar:  Geir Egil Smenes

Kaserar: Kjetil Klungsøyr

Styrerep: Gunnar Kleiven, Per Berge

Vararep: Geir Hogne  Jensen, Øyvind Gjerde, Johan Veiseth

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

  • Sist oppdatert .
Kontaktinformasjon: Norges Kystfiskarlag Postboks 97, N-8380 Ramberg
Telefon: 76 05 21 00 | Fax: 76 05 21 01 | Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.